Forskingsbasert innovasjon i ti år

VRI har dei siste 10 åra kopla små og mellomstore bedrifter til forskarmiljø, slik at dei kunne samarbeide om innovasjon. Vi vil gi deg eit innblikk i korleis verkemiddel-apparatet til VRI har fungert gjennom å vise deg fem av desse prosjekta.

Foto: Patogen

Kleven Maritime

I eit konsern med 770 tilsette frå heile verda, er det avgjerande med god kommunikasjon. Med hjelp frå VRI fekk Kleven Maritime laga ein animert HMS-film som er forståeleg for alle.

Foto: Kleven Maritime

Kleven Maritime

Bytta ut tjukke permar med animasjonsfilm

I eit konsern med 770 tilsette er det avgjerande med god kommunikasjon. Spesielt viktig blir det når dei tilsette har ulik språkleg bakgrunn.

Ifølgje Kleven Maritime sjølv, tek dei helse, miljø og sikkerheit på alvor. Målet er å fremje eit godt arbeidsmiljø, ivareta sikkerheita og verne mot skadar. For å lukkast er det naudsynt med opplæring og innføring i HMS-reglar og -prosessar. Å formidle dette, og samtidig unngå språk som hinder, er derimot ei utfordring. Løysinga for Kleven Maritime var å bytte ut tjukke permar med animasjonsfilmar. Kleven søkte midlar frå VRI, og Høgskulen i Volda stod for utvikling og produksjon av filmane.

– Å gå vekk frå munnleg språk i fleirkulturell kommunikasjon har vore effektivt. Vi opplever at filmane har bidrege til direkte og enkel kunnskap kring helse, miljø og tryggleik, og meiner bedrifter i same situasjon kan dra stor nytte av liknande verkemiddel.

Kleven Maritime er eit av Noregs største skipsverft. Gjennom fleire tiår har Kleven Verft vore eit sterkt merkenamn innan skipsindustrien. Dei byggjer og leverer komplekse offshore servicefarty til ulike marknader. Dei har lang og solid erfaring innan nybygg, service, reperasjonar og ombygging.

Smøla Klekkeri og Settefiskanlegg

Kan fiskeslam bli til ein tomat? Det ville Smøla Klekkeri og Settefiskanlegg finne ut av. Med midlar frå VRI kunne dei starte produksjonen av såkalla Aquaponics.

Smøla Klekkeri og Settefiskanlegg

Næringsrikt avløpsvatn utgjer eit stort potensiale for gjenvinning

Smøla Klekkeri og Settefiskanlegg AS fekk midlar av VRI som gjekk til satsing på gjenvinning av næringsrikt vatn frå fiskeoppdrett.

Smøla Klekkeri og Settefiskanlegg AS er eit landbasert settefiskanlegg lokalisert i Smøla kommune. Verksemda ynskja å gjennomføre eit prosjekt for å utnytte næringsrikt avløpsvatn til produksjon av grønsaker i aquaponicssystemer. Aquaponics er eit samleomgrep for produksjon av grønsaker i næringsrikt avløpsvatn frå fiskeoppdrett. Dette kan nyttast uavhengig av fiskeart.

Settefiskanlegget gjennomførte først eit forprosjektet saman med Bioforsk på Tingvoll og Møreforsking. Dagleg leiar på Smøla Klekkeri og Settefiskanlegg AS, Per Gunnar Kvenseth, fortel at VRI Møre og Romsdal ga oppstartsmidlar for å kome i gong.

– Vi ville sjå om det var liv laga både med å etablere konsortium med forskningsinstitusjonar, gjere innleiande studier og analysar før vi gjekk på eit større forskingsprosjekt. Etter VRI-prosjektet søkte vi RFF Midt-Norge og fekk tilslag på å gå vidare med eit større prosjekt.

Han er veldig nøgd med resultatet etter samarbeidet med VRI.Støtta vart utløysande for at forskinga starta opp.

Selskapet er eigd av Smølen Handelskompani AS, som er eit haldingsselskap som også eig Sagafisk AS. Sagafisk AS og Smøla Klekkeri og Settefiskanlegg AS har til saman ein produksjonskapasitet på 5,5 millionar laksesmolt per år.

Ship Evacuation System

Korleis berge folk til havs når ulykken er ute? Ship Evacuations System AS fekk midlar frå VRI, og laga eit unikt redningssystem for skip.

Foto: Ship Evacuation System

Ship Evacuation System

Ship Evacuation System AS har utvikla eit evakueringssystem der målet er å kunne redde liv ut gjennom skipets botn, når skipet ligg med kjølen i vêret.

Bedrifta fekk støtte frå VRI Møre og Romsdal i 2015. I forprosjektet har dei samarbeida med NTNU i Ålesund. Målet med prosjektet er å auke tryggleiken om bord på skip. Å redde liv må kome framfor kostnadar. Forskarane har utvikla konseptet og laga avanserte 3D-modeller som er testa ved hjelp av virtuel reality. VRI-prosjektet er avgjerande for å kome vidare med utvekling av løysinga.

Løysinga er både til nytte for mannskap på skipet, men også for redningsmannska slik at dei kan hjelpe personar som er fanga inne i skipet. VR plattform fungerer slik at eventuelle designendringer raskt kan implementerast i produktet og testes på nytt.

Systemet er eit unikt verdskonsept som er patentert og er eigna for alle typar skip.

Ship Evacuations System AS er eit nyetablert selskap, grunnlagt av Asbjørn Breivik Dyb. Det som inspirerte gründeren til å lage systemet, var skipsforliset til MS Rocknes i 2004 og skipsforliset til MS Bourbon Dolphin i 2007. Ole Zahl, som har mange års erfaring som kaptein, kom inn i prosjektet seinare.

Ålesund kommune

Med midlar frå VRI har Ålesund kommune teke i bruk videokommunikasjon i rehabilitering av heimebuande som elles ikkje hadde fått hjelp.

Foto: Karen Sofie Engesund

Ålesund kommune

Kommunane har fått eit større ansvar for personar med behov for rehabilitering.  I siste halvdel av 2014 fekk Ålesund kommune løyvd VRI-­midlar for å auke kunnskapen om mobil videokommunikasjon i helse­- og omsorgstenesta.Høgskolen i Ålesund blei hyra inn som FoU-miljø.

Det er allereie hausta gode erfaringar knytt til rehabilitering i heimen, såkalla kvardagsrehabilitering eller heimerehabilitering. Kommunen ser føre seg at videokommunikasjon kan lette kommunikasjonen og samhandlinga mellom fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar.

Med videokommunikasjon vert det lettare for ergoterapeut og fysioterapeut å følgje opplegget tettare, og gjere eventuelle justeringar og korreksjonar tidleg. Det er eit viktig mål at både brukar og sjukepleiar blir trygge på at øvingane blir utført på rett måte.

Kva er kvardagsrehabilitering?

Kvardagsrehabilitering er tidleg rehabilitering til heimebuande. Som oftast er mottakarane eldre menneske som ikkje normalt får tilbod om rehabilitering i den kommunale helsetenesta. Dette er eit tverrfagleg samarbeid mellom fysioterapeutar, ergoterapeutar og sjukepleiarar i kommunehelsetenesta.

­ Fordelane med kvardagsrehabilitering er mange, i følgje prosjektleiar, og universitetslektor Helen Berg ved Avdeling for helsefag ved NTNU, Ålesund.

– Fordelen med denne typen rehabilitering er at mottakaren får halde funksjonaliteten sin oppe gjennom trening. Motivasjonen er at brukaren skal klare å gjere det som brukaren likar å gjere, fortel Berg.

Kva har ein oppnådd med VRI-­prosjektet?

I følgje prosjektleiaren har ein med støtte frå VRI­prosjektet klart å kartleggje problemstillingane når ein tek i bruk videokommunikasjon i kvardagsrehabilitering bl.a. for dårleg nettilgong, at videokommunikasjon ikkje kan nyttast på same nettbrett som det ordinære fagsystemet, det tek tid å koble opp. Samstundes har ein funne effektar ved å bruke nettbrett, som at fysioterapeut kan oppdage at øvelsar kan forbetrast og auke moglegheita for samarbeid mellom fysioterapeut og sjukepleier som sikrar betre kvalitet på øvelsane.

Korleis kombinere videokommunikasjon med kvardagsrehabilitering

For å ta i bruk videokommunikasjon saman med kvardagsrehabilitering, treng ein PC eller eit nettbrett heime hos brukaren. Fysioterapeuten eller ergoterapeuten har det same der dei oppheld seg. Gjennom videokommunikasjon kan anten ergoterapeuten eller fysioterapeuten rettleie ein sjukepleier heime hos brukaren.

Utval av deltakarar

I prosjektet sin første fase var prosjektleiarane på jakt etter deltakarar som var kognitiv friske og allereie tok i mot kvardagsrehabilitering.

– Rehabiliteringa måtte vere stilleståande og fokuset var at det skulle skapast ein interaksjon mellom terapaut og brukar. Såleis vil ein unngå feil i rehabiliteringa, som kan forekome, fortel prosjektleiar og universitets lektor Helen Berg ved NTNU, Ålesund Avdeling for helsefag.

– Kvardagsrehabilitering er jo ein innovasjon i seg sjølv, sidan kommunene nyleg har teke dette i bruk, legg Rigmor Alnes, forskar ved avdeling for Helsefag, NTNU til.

Resultat

– Det er ikkje alt i prosjektet som har gått som planlagt, fortel prosjektleiar Helen Berg som er ansatt ved Utviklingssenter for kommunehelsetjenesten i Møre og Romsdal og NTNU i Ålesund.

Men dette handlar om fleire aktørar som skal samarbeide for å oppnå ein heilskap.

– Vi har møtt utfordringar med både internett, brannmurar og oppkopling, men dette har vi løyst.

– Det er eit gjennomgåande fenomen med velferdsteknologi at det må fungere, fortel Berg.

Likevel tillet utviklarar store feilmarginar når dei slepp produkt på marknaden. Gjennom prosjektet har det kome fram fleire uforutsette utfordringar. Trass i dette er ein svært nøgde og har hatt ei god måloppnåiing.

– Det har vore utfordringar som var umogleg å forutsjå, men likevel har prosjektet blitt gjennomført på ein god måte og vi er nøgde med resultatet.

Om VRI-kriteria

Forskarane ser på deira eige prosjekt som lite, men i ein stor samanheng. Dei er begge einige om at VRI­prosjekt som dette kan bidra til auka bruk av nyvinningar og forsking i kommunane. I tillegg meiner dei at prosjektet har gitt dei gode resultat og viktige data som kan nyttast i vidare forsking.

– Eg trur at kommunar er store organisasjonar å snu, men eg trur også dette er vegen vi må gå. Det vil bli meir forsking i kommunane, men no er det ikkje kultur for det. På same tid kan vi sjå at bruk av velferdsteknologi er ei forventing både frå samfunnet og politikarar, fortel universitetslektor Berg. Det er slik særs viktig å ha høve til å prøve ut små prosjekt for å kunne justere før ei større utprøving som involverer fleire aktørar.

PatoGen

Med støtte frå VRI kunne PatoGen starte med forsking på lakselus. I dag er dei marknadsleiande på området med 25 tilsette og kundar i Noreg, Storbritannia, Canada og Chile.

Foto: Siv Kristin Eikås Hovland

PatoGen

Støtte frå VRI gjorde det mogleg å forske vidare på lakselusa. Støtta førte til at PatoGen kunne komme i gang med fleire pilotstudier, slik at dei kunne etablere meir aktivitet.

PatoGen har utvikla metodar, som gjennom tett, systematisk overvaking og analyser, kan oppdage smitte allereie eit år før sjukdommen vil bryte ut. Dette fører til at næringa aldri har hatt betre kontroll enn i dag.

Dei kan no sjå om DNA-et til lakselusa gjer den disponert for å utvikle ein resistens mot dei avlusingmidla som er vanlege å bruke. Dette blir gjort gjennom sokalla PCR-teknologi.

Det vil seie at fiskenæringa blir meir føreseieleg og lønsam. Det skapar ein dyrevenleg produksjon og opprettheld ei berekraftig og god fiskehelse. Dette er viktig då vi har ei veksande verdsbefolkning og stadig får eit større behov for sunn og proteinrik mat, noko fiskenæringa er ein viktig del av.

 

Vil du vite meir om VRI?

Nettstaden er utvikla av Ulstein Media