Ny strategi skal gjere kommunane meir innovative

For første gong er det utvikla ein forskings- og innovasjonsstrategi for kommunane i Møre og Romsdal. Den nye strategien vart vedteken tysdag 14. mars av Regional- og næringsutvalet og skal gå vidare til endeleg vedtak i Fylkestinget i april.

I strategien er det identifisert sju satsingar for meir innovativ kommunal sektor.

Prosjektgruppa har vore samansett av representantar frå kommunane, KS, fylkesmannen, helseføretaket, forskingsrådet, fylkeskommunen og høgskulane. Fylkeskommunen har eit overordna ansvar for å sette i gang aktivitetar og tiltak i strategien.

Frå før har fylkeskommunen saman med næringslivet utarbeidd ein Forskings- og innovasjonsstrategi for næringslivet, der ein er i gang med ei rekke konkrete tiltak for iverksetting. FoI-strategien for kommunal sektor vil bli sett i samanheng med denne.


Publisert 17.03.2017